Tom Høyoppløst bilde
Lydbok
Utgivelsesår: 2022
1. utgave
Nynorsk
ISBN/EAN: 9788205564909

Tom

Pris 399,00

Christine, ei seks år gammal jente, endrar gradvis åtferd. Ho blir taus, inneslutta og skyr andre barn. Ein dag begynner ho å snakke til ein imaginær leikekamerat. Ho kallar han for Tom.

Hos BUP blir foreldra fortalde at fantasivennen er eit positivt teikn, men dei er likevel urolege. Tom opptrer aggressivt og skremmande, og bestemmer stadig meir over Christine. Snart blir familien dregne mot ei verd tom for alt anna enn redsler.

 

– No må vi seie god natt, mamma.

– Ja, jenta mi, no skal vi seie god natt. Camilla bøygde seg fram og gav Christine eit lett kyss på panna.

– Du må seie god natt til han bak deg også.

Camilla retta seg opp i ryggen og rynka augebryna. Dottera såg forbi henne.

– Kva meiner du?

– Den vesle mannen. I trappa.

«En elegant og original skrekkroman om galskap, kunstig intelligens og psykiatriens tragikomiske historie. […] Det er så stilig gjort, kuriøst og intelligent, originalt og humoristisk.»

Cathrine Krøger, Dagbladet

«Av og til har bøker ein rikdom som smittar. Eg kjenner meg steinrik. [...] Dahle skriv fram ei nærmast gotisk historie om tilsynelatanda trivielle tilhøve, der rom etter rom opnar seg og ein frys på ryggen og lurer på kvar vi skal no. [...] Han løftar alt stoffet sitt opp i eit materiale som i seg sjølv er framifrå litterær lesing, utøving og utforskning, og så får lesaren lov til å vere der oppe, og laste ned, framfor å starte i ein sjølvbiografisk eller innovervendt mudderbank og laste opp. I våre dagar er det frigjørande.»

Ingvild Bræin, Dag og Tid

«Velkomponert, fascinerende og uhyggelig om fantasivenner, psykiatri og kunstig intelligens. [...]På stødig og skarpsindig vis sammenføyer Runar K. Dahle enkeltdelene til en tankevekkende og underholdende helhet, der det ikke alltid er like lett å fastslå om det er historien om Christine eller den om psykiatrien som er den egentlige skrekkfortellingen. Men slutten er uansett egnet til å sende kalde grøss gjennom selv den mest forherdete leser.»

Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad

Produktet finnes også i følgende varianter
Pris
429,00