Jenny Fender
Bandet er kaputt, ferien er kaputt, livet er kaputt. Signe er borte, og Jenny Fender er aleine igjen i bygda. Det er nesten så ho blir heilt deprimert.
Dessutan er den nye naboen kjempeirriterande, med rocka sveis og trommesett i kjellaren. Ho spradar rundt med det skeive smilet sitt og gjer Jenny heilt svimmel.
Dette blir verdas VERSTE sommar … eller?
Heidi Marie Vestrheim debuterer som forfattar med ei sjarmbombe av ei barnebok! Jenny Fender handlar om alt virvaret ein kan oppleve i overgangen mellom barndom og ungdom. Dette er ei forteljing om vennskap, rock og kjærleik.
Jenny Fender fikk Kulturdepartementets debutantpris for barne- og ungdomslitteratur 2023 og har blitt nominert til ARKs barnebokpris, Trollkrittet og Bokslukerprisen.
«Det luktar sukkerspinn, skyllemiddel og salt fjord når Heidi Marie Vestrheim debuterer med ei sjarmerande oppvekstskildring frå siderlandet. [...] «Jenny Fender» er ei glad og god sommarbok med klassiske kvalitetar.»
«Boka høver godt for born i alderen 9–14 som er interesserte i rockemusikk og venskap og ikkje altfor opptekne av My Little Pony og duftlys.»
«Eg synes boka er den beste eg har lest (...) håper det kjem fleire bøker om Jenny Fender!»
«Heidi Marie Vestrheim byr på eit heilstøypt romanunivers med ei heltinne som tek pusten frå deg. (...) Jenny er eit fyrverkeri av ein unge.»
«Det er for få bøker der musikk er ein sentral del av handlinga. Heidi Marie Vestrheim fyller tomrommet med ein eksplosiv og morosam debut om Jenny Fender sin draum om å bli rockestjerne.»